Ei steinblokk på ein kubikk har dotte ned utanfor utløpet Ottatunnelen. Det melder trafikkoperatør Nina Heggernes til Porten.
Klokka 16.21 skriv Vegtrafikksentralen på Twitter at vegen er opna for trafikk att.
– Me har stengd tunnelen, og tunnel ved sida, seier ho.
Entrepenør er varsla, og på veg.
– Me håpar at det ikkje er så ille. Eg reknar med at entreprenøren har nokon on i nærleiken, seier ho.
Når Porten snakkar med ho har ho ikkje fått melding om nokon trafikale utfordringar på staden.