Fresvik: I dag vart eit knippe ferske musikalske blomar lagt til festivalbuketten til Fres Festival. Den som stikk seg mest ut er nok visesangaren Stein Torleif Bjella, eit kjent fjes for festivalpublikummet i Fresvik.
Med seg får han Spidergawd, The Switch, El Doom & The Born Electric, The Generous Days og Skatebård.
Frå før er det klart at Odd Nordstoga, heimyndlingane Slegest og svenske Västerbron blir å sjå på Skausgarden i Fresvik i slutten av juli.