Gudvangen: Som Porten.no skriv tidlegare torsdag, har geologen gitt klarsignal til at det trygt å starte ryddinga og repareringa av E16 der steinraset traff tysdag ettermiddag.
Det er snakk om steinar på storleik med bilar og minibussar som skal fjernast.
– Steinblokkene som kom ned frå fjellet er veldig store og må splittast før me kan fjerne dei frå vegbana. Arbeidet med å rydde vegen vil ta om lag to-tre dagar, opplyser fungerande avdelingsdirektør Ingar Hals i Statens vegvesen, vegavdeling Sogn og Fjordane.
Ved hjelp av dynamitt skal dei største steinane no sprengast før ein kan frakte dei vekk frå området.
Ekstra vakthald
Ei ny vurdering frå geologen tilseier at området no er stabilt, men ekstra vakthald vil vere plass under ryddearbeidet for å sikre tryggleiken til mannskapet. Arbeidet vil halde frem så lenge det er lyst.
Artikkelen held fram under biletet.

Les også: – Blir heilt sikkert ikkje opna i dag
Først når vegbana er rydda kan ein få oversikt over skadane og seie meir om når vegen kan bli opna for trafikk.
– Ta det roleg
Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å ta det med ro på omkøyringsvegane og berekne ekstra tid.
Les også: – Det føltes som ein Hollywood-film
Trafikantar som skal i retning sør-nord bør nytte E39 over Lavik- Oppedal. Ein kan også nytte Hella-Vangsnes, men her er kapasiteten noko mindre og det har tidvis vore noko ventetid.
For trafikantar som skal øst-vest er det skilta omkøyring er via Rv. 7 over Hardangervidda, E134 over Haukelifjell eller Rv.13 over Vikafjellet. Oppdaterte trafikkmeldingar og råd blir lagt ut på Statens vegvesen sin nettside.