PINNEVED: Her sat morelleplukkarane då dei høyrde rumlinga. Heldigveis berga dei seg ut før raset slo brakka dei var i til pinneved.
PINNEVED: Her sat morelleplukkarane då dei høyrde rumlinga. Heldigveis berga dei seg ut før raset slo brakka dei var i til pinneved. (Foto: Porten.no-tipsar)

Her sat arbeidarane då dei høyrde det rumla i fjellsida

– Berre flaks at liv ikkje gjekk tapt, seier nabo.

Lærdal: Lars Ove Voll sat på verandaen med sambuaren då han høyrte det byrja å buldra.

– Ho trudde det var torevêr. Eg keik rundt sida av huset, då såg eg røyken og steinane som hagla gjennom skogen, seier Voll.

Han visste at naboen, Mark Brooks, hadde ein brakkerigg ståande femti meter ovanfor. Der sat ein gjeng plukkarar, 8-10 stykk, og markerte at sesongen var i ferd med å ta slutt.

– Me kom oss rimeleg fort borti vegen. Då såg eg dei komma springande ned morelleåkeren i berre underkleda. Det var voldsomt kaotisk ei stund, seier Voll.

Les òg: Laksefiskaren skulle sjekka eit ras: – Plutseleg eksploderer det framfor meg

Artikkelen held fram under videoen.

– Såg ut som ei kriggsone

Då det hadde roa seg gjekk han opp og fekk sjå at raset hadde gått tvert gjennom brakka og etterlate seg eit stort hol:

Heldigvis hadde alle plukkarane rokke å koma seg ut

– Dei hadde høyrt det rumla i fjellsida. Han eine som budde der hadde sagt at det var berre å springa. Det var berre flaks at det gjekk bra, at det ikkje gjekk liv tapt, seier Voll.

– Det såg ut som ei krigssone oppe i der, seier han.

Då raset var over kontakta han eigaren Mark Brooks for å fortelja at brakkeriggen til plukkarane hans var knust til pinneved. Nokre fekk overnatta hos Voll, medan Brooks fiksa husly til resten.

– Dei var rimeleg sjokkskada mange av dei, fortel Voll.

Fekk overnatta i tryggleik

Sambuaren har eit hus i sentrum, så etter ein time eller to reiste dei ned dit for å overnatta. På den tida kom det ikkje meir stein ned.

Men den største steinen, den som knuste brakka, landa berre tredve meter frå huset til Voll.

– Deg gjekk ras der i fjor. Eg har berre venta på at det skal skje igjen. Med tørken me har hatt, og skyllebøtta som kom i går, så var det berre tidsspørsmål, seier Voll.

Til toppen