SCORINGSFORM: Rebecca Brun Steinheim viste seg frå si beste side for Oppsal søndag. Årdølen scora fem mot Gjerpen og bidrog sterkt til poengdelinga. Foto: Andreas Kristoffer Berge.
SCORINGSFORM: Rebecca Brun Steinheim viste seg frå si beste side for Oppsal søndag. Årdølen scora fem mot Gjerpen og bidrog sterkt til poengdelinga. Foto: Andreas Kristoffer Berge.

Steinheim storspelte og scora fem for Oppsal​

Rebecca Brun Steinheim fann scoringsformen mot Gjerpen, men måtte ta til takke med poengdeling. 

Skien/Årdal: Årdølen bidrog sterkt til å berge poeng då laget hennar, Oppsal, gjesta Gjerpen søndag. 

Steinheim putta fem mål på like mange forsøk då Oppsal avslutta råsterkt og igjen ei firemålsleiing. 

Med fem minutt att på klokka låg det an til heimesider, men ein sterk sluttspurt sørga for poengdeling med resultatet 31-31 i Skienshallen. 

Dermed er klatra ho kraftig på toppscorar lista. Før denne kampen stod ho med to scoringar, og no er totalen på sju. 

Berre Guro Nestaker scora fleire mål for Oppsal denne kampen. Ho fann nettmaskene sju gonger. 

Med ni kampar spelt denne sesongen ligg Oppsal på ein 7. plass i Eliteserien for kvinner. Ikkje overraskande er det Larvik som toppar med 16 poeng på åtte kampar, altså full pott. 

Til toppen