Luster: Like etter klokka 14.00 fredag melde Statens vegvesen at eit steinras sperra vegen mellom Hafslo og Veitastrond ved Ugulsvik i Luster kommune.
– Det har gått eit ras like før klokka 13.00, med steinar store som bilar, sa Kjetil Løvås ved vegtrafikksentralen.

Hildegunn Heggestad frå Veitastrond passerte rasstaden to timar før.
– Det låg det tre rimeleg store steinar i vegkanten. Dei sperra jo ikkje vegen, så eg køyrte forbi. Då reknar eg med at det har kome meir etter dei, seier ho.
Ein geolog vurderte rasstaden og gav grønt lys til å starta ryddinga av raset. Entreprenøren venta at vegen skulle vera opna til omlag klokka 20.00.
Den spådomen viste seg å stemma med fem minutts margin.
Det er ikkje mistanke om at bilar eller menneske er tekne av raset. Raset vart observert av arbeiderar i området.
