Luster: Tysdag formiddag fekk Vegtrafikksentralen beskjed om eit ras mellom Urnes og Skjolden i Sogn. Raset har truffe fylkesveg 5637.
Klokka 12.30 vart vegen igjen opna for fri ferdsel.
– Geolog har vore på staden og gjort sine vurderingar. No opnar me vegen for fri ferdsel, seier trafikkoperatør Tor Evensen til Porten.no.
40 meter breitt
Etter meldinga kom inn litt over klokka ti, sa trafikkoperatør Jan Erikstad at raset var om lag 40 meter breitt.
– Det er snakk om mykje småstein og nokre større steinar, sa trafikkoperatør Jan Erikstad til Porten.no.
Til BT sa han at dei største steinane ligg på mellom 400-500 kilo.
- Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no.
Ventar på geolog
Erikstad forklarte vidare at det var ein entrepenør som ringde inn hendinga.
– Det skal komme ein geolog på plass, men me veit ikkje kortid, sa Erikstad.
Klokka 12.30 vart vegen opna for fri ferdsel.