STEINRAS: I 13-tida måndag gjekk det ein steinras over ein turveg ved Nigardsbreen i Luster. Naudetatane gjer no søk i området for å finna ut om nokon vart treft av raset.
STEINRAS: I 13-tida måndag gjekk det ein steinras over ein turveg ved Nigardsbreen i Luster. Naudetatane gjer no søk i området for å finna ut om nokon vart treft av raset. (Foto: Sondre Dalaker / NRK )

Nigardsbreen: Turistar måtte søka ly då steinar rasa ned rundt dei

To danske turistar måtte søka ly bak nokre steinblokker då det plutseleg rasa store steinar mot dei.

Luster: Klokka 13:15 gjekk det eit steinras over ein turveg inn til Nigardsbreen ved Jostedalen i Luster. 

Det var to danske turistar som melde ifrå om raset.

– Dei var nære raset og søkte tilflukt bak nokre steinblokker. Dei er uskadde og har blitt henta ut av luftambulansen, seier Dan Inge Gjesdal, vaktleiar hjå Alarmsentralen i Sogn og Fjordane. 

Etter raset gjekk, var det uvisst om fleire personar hadde vorte råka av steinraset.  Luftambulansen gjorde difor søk i området frå lufta, men fann ingen teikn til fleire personar ved rasstaden. 

Brann, helse og politi frå Sogndal og Luster rykka ut til staden.

Breen er ein populært turistdestinasjon, og lokkar fleire tusen turistar i året. 

Porten.no oppdaterer saka. Har du bilete eller tips? Send til tips@porten.no eller til tlf: 480 13 131.

Til toppen