STORT RAS: Det har gått eit større ras mellom Leikanger og Sogndal.
STORT RAS: Det har gått eit større ras mellom Leikanger og Sogndal. (Foto: Olav Grinde)

Steinras sperrar vegen mellom Leikanger og Sogndal

Det har gått eit steinras på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger.

Sogndal: Det skriv NRK på sine nettsider.

STEINRAS: Det har gått eit steinras mellom Sogndal og Leikanger. Foto: Skjermdump/Google maps

Det har gått eit større steinras på riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal. Ingen bilar eller personar skal vera tekne av raset.

Oppryddingsarbeidet vil ta tid, men det er uklart kor lenge. Ein geolog skal undersøkja rasområdet iløpet av ettermiddag/kvelden.

Berit Grinde fortel at mannen hennar er på staden.

– Det er snakk om eit stort ras like ved dei store tankane på Ylvisåker, seier Berit Grinde.

KØ: Det har danna seg lange køar i området. Foto: Hazel Zoe Skrede

Hazel Skrede var på veg heim til Leikanger då ho hamna i køen etter raset. Skrede fekk beskjed om å snu og køyra tilbake til Sogndal på grunn av rasfare.

– Det kan ta fleire timar å venta, og ingen plassar er opne, seier ho, som på veg tilbake til Sogndal hamna i ein ny kø i Bondeviki før Stedjetunnelen.

Me oppdaterer saka

Til toppen