STEINRAS: Eit steinras sperrar vegen mellom Vik og Vangsnes.
STEINRAS: Eit steinras sperrar vegen mellom Vik og Vangsnes. (Foto: Google Maps)

Steinras stengde vegen mellom Vik og Vangsnes

Søndag kveld gjekk det eit ras, ved Galden, mellom Vik og Vangsnes.

Vik: Klokka 18.14 i kveld meldte Vegtrafikksentralen på Twitter at det hadde gått eit steinras på riksveg 13. Raset gjekk ved Galden, mellom Vik og Vangsnes.

Vegen blei stengt, og entrepenør blei tilkalla til staden.

Omtrent klokka halv sju er vegen rydda og open for trafikk.

Til toppen