RASA: Store steinar rasa frå den stupbratte fjellsida og ned på europavegen i Nærøydalen. Nokre av steinane gjekk over asfalten, og gav autovernet ein heftig bøyg i forbifarten.
RASA: Store steinar rasa frå den stupbratte fjellsida og ned på europavegen i Nærøydalen. Nokre av steinane gjekk over asfalten, og gav autovernet ein heftig bøyg i forbifarten. (Foto: Geir Ove Engebø/ Statens vegvesen)

Vegen opna etter opprydding

Store steinar dundra ned på asfalten i Aurland måndag morgon. Ingen kom til skade, men vegen var stengd i fleire timar.

Aurland: Klokka 07:23 måndag morgon kom meldinga om at det hadde gått fleire steinras over E16 i Nærøydalen i Aurland.

SYNFARING: Ein geolog vurderte i 10.30-tida at det var trygt å starta opprydding av vegen. Foto: Jens Tveit/Statens vegvesen

Mellom anna vart ein diger stein liggande midt i vegen, medan fleire andre stoppa i grøfta.

– Ingen personer skada eller sakna. Heller ingen skadar på køyretøy, men moglegvis litt skadar på vegbana og autovern, skreiv politiet klokka 08.30.

Klokka 10:39 opplyste Statens vegvesen at geolog var i helikopter for å sjå på områda der steinane hadde losna. På grunn av mørket var det ikkje råd å undersøka rasstaden tidlegare.

Vegvesenet skreiv først at vegen ville bli rydda og opna rundt klokka 12.00. Like etter opplyste derimot Vegtrafikksentralen at dei forventa opning ein time seinare, klokka 13:00. Klokka 13.17 vart vegen opna.

GREI STORLEIK: Denne steinen rasa ned på E16 like etter Gudvangen i retning Voss mandag morgon. Tilsvarande steinar stoppa i grøfta, eller rasa over vegen. Foto: Presis Vegdrift AS

Kan ha gått fleire ras

Terje Jordalen i Jordalen Maskin opplyste litt over 09.00 at raset hadde gått mellom Skjerping og Gudvangen.

– Tilfeldigvis så hadde eg to mann som skulle inn og brøyta, så dei var vel nokså tidleg på plassen. Dei fekk meldt frå om steinsprang og sperra vegen, seier Jordalen.

Vegtrafikksentralen opplyser til NRK at dei har fått melding om fleire ras, men opplysingane er enno ikkje stadfesta.

Sidan Vikafjellet óg er stengd, er kortaste veg vestover no over Hardangervidda og via Hardangerfjorden, ein omveg på 173 kilometer. Ein geolog er på veg til Vik for å sjekka om fjellovergangen kan opnast.

Har du tips eller bilete? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

RAS: Det kome ned store steinar på vegen mellom Skjerping og Gudvangen i Aurland kommune. Foto: Google Maps/Skjermdump
Til toppen