FULL STOPP: Ingen bilar slapp forbi like etter raset. Halvannan time seinare var vegen opna att.
FULL STOPP: Ingen bilar slapp forbi like etter raset. Halvannan time seinare var vegen opna att. (Bilde: Synne Asheim Haga)

Fylkesvegen opna i rekordfart etter steinras

Skulle truleg bli stengt i fleire timar.

Årdal: Klokka 15:51 melde Vegtrafikksentralen at fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og fergekaia Fodnes var stengd på grunn av steinras.

Ifølgje entreprenøren på staden ville truleg vegen bli stengt i fleire timar i frykt for nye ras. Geologar var då på veg for å evaluere faren.

Jan Erikstad, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, seier til Porten.no at vegen opna igjen like etter 17:30.

– Raset dekka eine køyrefeltet, men det var ei stund usikkert om det kunne komme meir stein og difor tok det tid å få rydde. No er det passering, seier han.

Augevitne på staden fortel at fjorden er farga brun nedanfor rasstaden.

STEINRAS: Raset har gått ikkje langt frå Årdalstangen, etter Kolnostunnelen i retning ferjekaia Fodnes.
STEINRAS: Raset har gått ikkje langt frå Årdalstangen, etter Kolnostunnelen i retning ferjekaia Fodnes. Foto: Skjermdump/Google Maps
Til toppen