STENGT: Fylkesveg 331 i Luster er stengd ved Kvita Skred-tunnelen grunna eit steinras.
STENGT: Fylkesveg 331 i Luster er stengd ved Kvita Skred-tunnelen grunna eit steinras. (Skjermbilde: Google Maps)

Steinras i Luster, vegen vert stengd til over helga

Fylkesveg 331 i Luster vart laurdag stengd grunna eit steinras. Ifølgje Statens vegvesen vil det koma ny vurdering om opning klokka 15 måndag. 

Luster: Fylkesveg 331 i Luster er stengt ved Kvita Skred-tunnelen grunna eit steinras. Det melder Statens vegvesen laurdag. 

– Ifølgje ein innringar skal ikkje raset vera så stort, seier trafikkoperatør Jan Erikstad ved vegtrafikksentralen i Lærdal til Porten.no. 

Han opplyser at dei fekk melding om raset klokka 11:45. 

Blir sett opp ferje

Klokka 17 melder Vegvesenet at vegen blir stengd til over helga, og det kjem ny vurdering for området klokka 15 måndag. 

Laurdag kveld vert det innført ferje mellom Solvorn og Ornes. 

Erikstad opplyser at det er mykje tåke i rasområdet, og at det kan by på utfordringar for geologen som må vurdera den vidare rasfaren i området før vegen kan bli opna att. 

– Det er ikkje ein stort trafikkert veg, men dersom den vert stengd over lengre tid kan det bli sett opp ferje mellom Solvorn og Ornes for bilistar som må passera, seier Erikstad. 

Til toppen