STENGT: Riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal er stengd grunna eit steinras. Det har falle store steinblokk i vegen.
STENGT: Riksveg 55 mellom Leikanger og Sogndal er stengd grunna eit steinras. Det har falle store steinblokk i vegen. (Skjermbilde: Google Maps)

Steinblokker rasa ut i veg mellom Sogndal og Leikanger

Rett før klokka 15 fredag gjekk det eit steinras på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger.

Sogndal: Hendinga skal ha skjedd på vegstrekka ved Ylvisåker mellom Leikanger og Sogndal. Det er ein veldig trafikkert veg, og det er meldt om store køar på staden. 

– Det er snakk om ein stor stein og nokre mindre steinar, sa Jan Erikstad, som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, til NRK, som først omtalte saka. 

Vegen er heilt stengd, men det er ikkje meldt om skader på køyretøy eller personar. 

Ein geolog er på veg til staden frå Førde, fordi rasfaren på området må vurderast før vegen kan bli rydda, skriv NRK. 

Klokka 17:00 melde Statens vegvesen at vegen er open for trafikk. 

Til toppen