RAS: Måndag gjekk det eit steinras like ved Borgund stavkyrkje i Lærdal. Kart: Mapbox.com
RAS: Måndag gjekk det eit steinras like ved Borgund stavkyrkje i Lærdal. Kart: Mapbox.com

Steinras stenger vegen

Steinraset gjekk ved på fylkesveg 630 mellom Nese og Borgund stavkyrkje. 

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane melder Vegtrafikksentralen i Lærdal at vegen er stengt forbi rasstaden, som er mellom Seltun og Borgund.

Lise Kristoffersen, ved trafikksentralen i Statens vegvesen, fortel til Porten.no at entreprenør er på staden og er i gang med oppryddingsarbeidet.

Det skal ikkje vera snakk om eit stort steinras og Statens vegvesen håpar å opne vegen att i løpet av ettermiddagen/kvelden. 

Hovudtrafikken gjekk på denne vegen, før Seltunnelen og Borgundtunnelen vart opna for kring ti år sidan, så det er mogleg å køyra rundt rasstaden. 

Til toppen