SAME STAD SOM SIST: Raset gjekk frå den same skråninga som sist, der det kom eit voldsomt steinras den 4. januar. Rasstaden er utanfor Finnsåstunnelen, i retning mot Fodnes.
SAME STAD SOM SIST: Raset gjekk frå den same skråninga som sist, der det kom eit voldsomt steinras den 4. januar. Rasstaden er utanfor Finnsåstunnelen, i retning mot Fodnes.

Det har gått eit nytt steinras utanfor Finnsåstunnelen, trass i innsatsen til fjellreinsklaget. Bil punkterte

Korkje bilar eller personar tekne av raset. Vegen er stengt. 

Årdal: Vest politidistrikt melde klokka 21.20 fredags kveld om at det har gått eit mindre steinras på omlag 25-30 steinar utanfor Finnsåstunnelen, men denne gongen utanfor tunnelmunningen mot Årdalstangen. Tunnelen er difor stengt att.

20 minutt seinare sende derimot Vest Politidistrikt ut ei ny melding, der dei gjorde det klart at det ikkje var på sida mot Årdalstangen, men på sida mot Kolnostunnelen at det vesle raset har gått, ved tunnelmunningen. Altso har raset gått på eksakt same staden som raset som gjekk tidlegare i januar

Steinane som raste ut er ikkje større enn ballar. 

Fjellreinsklaget framleis ikkje i mål med opprydningsarbeida

Trass i dei iherdige arbeida til eit fjellreinsklag den siste tida, som har jobba med å dytta ned alle steinane i skråninga, har det altso likevel gått eit mindre ras der i kveld. Statens vegvesen informerte seinast onsdag om at fjellreinsklaget hadde minimum to veker att med reinskearbeid før skrenten er heilt trygg for lausmasse. 

Fredagskvelden vart altso Statens vegvesen sannprova, det er framleis meir fjellreinskarbeid å gjera. 

Bil punkterte då han køyrde i ein av steinane

Politiet opplyste innleiingsvis at ein bil i nærleiken av rasstaden hadde «parkert på to hjul».

Ein halvtime seinare melde dei derimot at den aktuelle bilen ikkje har parkert på to hjul, men punktert på to hjul. Ein bergingsbil vart sendt for å henta den punkterte bilen. 

Vegen vart stengt av brannvesenet, førebels vert vegen verande stengt

Då brannvesenet kom på plass, kunne dei melda om at bilistar sjølve hadde fjerna steinane frå vegbana. Vegen er rydda for steinar. Brannvesenet stengde vegen for ferdsle. 

Personell frå Statens vegvesen kom snart på plass dei òg. Det er vegvesenet som skal ta stilling til når vegen kan opna att. 

Bilane som stod i kø etter raset har no fått passere

Politiet og vegvesenet melder at det ikkje har kome fleire småras i kveld, og bilane som hadde hopa seg opp i kø fekk passere omlag kvart over ti om kvelden. Vegen vert deretter stengt til i morgon, slik at geologar får undersøkt området i dagslys.

So snart det lysnar i morgon skal vegvesenet vurdera om dei kan opna vegen att eller ikkje.

Til toppen