RAS: Eit steinras har gått over vegen ved Bakkatunnelen, kring 200 meter før ferjekaia.
RAS: Eit steinras har gått over vegen ved Bakkatunnelen, kring 200 meter før ferjekaia. (Skjermbilde: Google Maps)

Ny vurdering om vegopning i morgon etter steinras ved Bakkatunnelen

Ein bil skal stå i raset, men alle som var i bilen har komme seg ut, melder Politiet. Vegen er stengd.

Gudvangen: Politiet melde klokka 09.12 om at det har gått eit steinras over vegen rett før Bakkatunnelen ved Gudvangen på fylkesveg Fv. 5623. Raset har gått kring 200 meter nord for ferjekaia. 

Ein bil står i raset, men dei som var i bilen har komme seg ut, melder Politiet. Det er ikkje meldt om at det skal vere fleire bilar involverte i raset. 

Politiet er på veg til staden. 

Klokka 09.40 melde politiet at det skal ha gått eit lite ras på sørsida av Bakkatunnelen og eit større ras på nordsida av tunnelen. Bilen som står i raset, står på nordsida. 

Det er ikkje meldt om skadde personar. 

Klokka 10.10 korrigerte Politiet seg sjølve på nytt og melder om at det berre er snakk om eitt ras. Dette skal vere på sørsida av Bakkatunnelen. 

Fv. 5623 er stengd mellom Nautgrovi og Bakkatunnelen, og vegtrafikksentralen opplyser at vegen ikkje blir opna i dag. Ny vurdring blir teke klokka 15 i morgon.

Har du bilete eller tips til saka? Send oss ein e-post til tips@porten.no

Til toppen