TIL MJØNDALEN: Per Magnus Steiring (22) går på utlån til eliterserie-klubben Mjøndalen ut 2019-sesongen.
TIL MJØNDALEN: Per Magnus Steiring (22) går på utlån til eliterserie-klubben Mjøndalen ut 2019-sesongen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Steiring går til Eliteserien

Per Magnus Steiring går på utlån til Mjøndalen.

Sogndal: Sogndal Fotball og Mjøndalen har blitt samde om ei utlånsavtale for Steiring for resten av 2019-sesongen. Det melder Sogndal fotball på sine heimesider onsdag. 

– Per Magnus er veldig motivert for å bidra for Mjøndalen, som ligg litt utsatt til på tabellen. Han får no speletid i Eliteserien, og ein liten restart i karrieren sin i form av nye impulsar og nytt miljø, sa sportsleg leiar Håvard Flo i pressemeldinga.

Overgangsvindauget er stengt, men det har kome ein ny regel for spelarar i alderen 18-22 år som gjer denne utlånsavtala mogleg, opplyser klubben. 

Klubben i saftbygda skriv dei ønskjer Steiring lukke til i den brune trøya.

Til toppen