LÆRERIKT: Per Magnus Steiring har fått mykje speletid denne sesongen. Den unge 20-åringen fortel at han lærer mykje frå den 41 år gamle veteranen Kjetil Wæhler. (Foto: Arkiv)

Steiring lærer mykje frå Wæhler

20-åringen har nytt mykje speletid denne sesongen. No er han klar for å ta imot serieleiaren til Fosshaugane Campus.

Sogndal: Det blir garantert stor stemning på stadion laurdag ettermiddag når sjølvaste Rosenborg kjem til Sogn. Ein av dei som skal prøve å stogga serieleiaren er Per Magnus Steiring i Sogndal-forsvaret.

Skadar på sentrale spelarar som Christophe Psyché og Bjørn Inge Utvik har gjort 20-åringen har fått meir speletid enn han kanskje hadde rekna med.

– Det har vore fint for min del. Eg har fått mange kampar, og eg håpar eg framleis klarar å ta vare på dei sjansane eg får, så skal eg levere så bra som mogleg framover, seier han i eit intervju med klubbens heimeside.

Lærer av Wæhler

Elleve kampar og éi scoring har det blitt i Eliteserien når laget no tek ferie etter møtet med Rosenborg. For unge Steiring er det då fint å ha ein veteran som Kjetil Wæhler (41) ved sidan av seg.

– Det er heilt fantastisk og veldig fint for min del. Han kjem med beskjedar og held oss på tå. Det er heilt strålande, seier han. 

Skal gi RBK kamp

Sogndal har fått heile veka på å førebu seg til kampen. Rosenborg på si side spelte Mesterliga-fotball onsdag. Steiring fortel at dei har trent mykje på å forsvara eigen boks og spele seg ut av situasjonar. 

– Me vil gjerne behalde ballen også og prøve å skape eit bra trykk mot RBK, seier han.

– Me er godt budde og veit kva som kjem. Det blir bra trykk mot Rosenborg, men dei kjem sikkert til å leggje seg litt bakpå også slik dei plar gjere borte. Då må me prøve å få ei scoring.

Til toppen