ÅRETS NAMN: Desse åtte er nominerte til årets namn i 2019 i Gulen/Høyanger
ÅRETS NAMN: Desse åtte er nominerte til årets namn i 2019 i Gulen/Høyanger

Stem på årets namn i Gulen/Høyanger 2019!

Totalt åtte nominerte kan bli Årets namn 2019 i Gulen/Høyanger. Kast di røyst i skjemaet under.

Ytre Sogn: Porten.no kårar «Årets namn» i Høyanger/Gulen, og du kan vere med å bestemme kven som vinn. 

Stem på den/dei du meiner fortener å verte årets namn nedst i saka. 

– Med «Årets namn» ønskjer vi å gje ekstra merksemd til nokon som har utmerka seg i lokalmiljøet det siste året. Kanskje har dei gjort ein spesiell innsats lokalt, oppnådd gode prestasjonar, skapt debatt, stått i krevjande prosessar, eller har utmerka seg på andre måtar, seier redaktør og dagleg leiar Synne Asheim Haga.

Prisen Årets namn vil bli ein fast tradisjon hjå Porten.no vidare. 

– Dette ønskjer vi å gjere saman med lesarane våre. Etter ein diskusjon innad i redaksjonen, har vi kome fram til nokre namn vi meiner skil seg ut. Samtidig er det ikkje nødvendigvis vi som sit på fasiten, og vi ønskjer difor at også lesarane kjem med sine nominasjonar, seier Haga. 

Porten.no nominert fem som har utmerka seg i 2019 i lista under. I tillegg har det kome inn tre nominasjonar frå lesarane våre.

No er avrøystinga open fram til 10. januar klokka 10. Du kan røyste éin gong per dag. Så no gjeld det å stemme på din favoritt! Vinnaren vert kåra 11. januar.  

Dei nominerte  

Bettina Lønne Varden Foto: Privat

Bettina Lønne Varden (23): Den unge politikaren suste rett inn i kommunestyret som representant for Arbeidarpartiet etter valet i haust. I tillegg var ho initiativtakar til BliMe-stuntet som dei tilsette innan helse og omsorg i Høyanger gjorde i haust for å skape blest kring kommunen og arbeidsstadane deira. Varden er også småbarnsmor og eit døme på unge i Høyanger som engasjerer seg og vil noko. 

Hydro Aluminium Høyanger Foto: Norsk Hydro ASA/arkivfoto

Hydro Aluminium Høyanger og Uno Metal: Hjørnesteinsverksemda i Høyanger har teke initiativ til å utvikle ny industriverksemd i det tidlegare Fundo-bygget. Ved å starte eit pilotprosjekt der ein ser på moglegheita for å gjenvinne botnkaker frå brukte elektrolyseceller, kan verksemda både sikre nye arbeidsplassar og få ein miljøvinst dersom alt lukkast. Prosjektet har fått namnet Uno Metal. Det kan også bli aktuelt å gjenvinne metallet i botnkaker frå andre aluminiumsverk i Noreg. 

Adrian Breidvik og Marita Aasen som har starta Høyanger treningssenter. Foto:  Vilde Grimelid Oppedal

Marita Aasen og Adrian Breidvik: Paret opna i 2019 Høyanger treningssenter i bygget som tidlegare husa Fokus Bank, men som no husar både apotek og treningssenteret. Tilbodet har blitt svært godt motteke i tettstaden og treningssenteret planleggjer difor å flytte i større lokale på Dale der SafeClean AS tidlegare heldt til i løpet av 2020. Då kan medlemmene også vente seg nye treningstilbod. 

Steinar Holen, dagleg leiar i Østerbø Maskin AS Foto: Østerbø Maskin/arkivfoto

Steinar Holen og Østerbø Maskin AS: Verksemda held fram å vekse og kjøpte i haust Meland Elektro AS. Med hovudkontor på Østerbø på Høyanger sørside syner Østerbø Maskin at det er fullt mogleg å vere lokalisert utanfor "allfarveg" og likevel lukkast. I haust melde Østerbø Maskin at Steinar Holen gjev seg som dagleg leiar for verksemda etter snart ni år i rolla. Han vert i staden driftssjef når Richard Cornell tek til som ny administrerande direktør. I tida Holen har vore dagleg leiar har verksemda hatt stor vekst og blant anna oppretta ei avdeling i Sløvåg i Gulen. 

Rune Larsen og Eva Kløvtveit i Gulen Blikk og Vedlikehold AS Foto:  Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto

Eva Kløvtveit og Rune Larsen i Gulen Blikk og Vedlikehold AS: Eva Kløvtveit og Rune Larsen starta Gulen Blikk og Vedlikehald våren 2019 og flytta blikkenslagerverksemda si frå Bergen til Steine. Dei har med dette gjeve Gulen og Masfjorden eit tilbod som ikkje fanst i området før, og har blitt godt tekne mot og allereie hatt mange oppdrag. I tillegg syner dei samfunnsansvar ved å gje tilbake til lag og organisasjonar etter berre nokre få månader i kommunen. 

Wergeland-gruppa, her representert ved Elisabeth Wergeland (t.v.), Even Rambjørg (midten) og konsernsjef Irene Kjelby Wergeland (t.h.). Foto:  Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto

Wergeland-gruppa: Konsernet med hovudkontor i Sløvåg i Gulen sikra seg kontrakt for Hywind Tampen-utbygginga til Equinor. 11 vindturbinar skal setjast saman i Gulen industrihamn. Takka vere areal som heile tida vert vidareutvikla, er konsernet i posisjon til å både ta på seg denne typen oppgåver og å leggje relativt raskt tilrette for nyetableringar som Arise DRS. Wergeland-gruppa byggjer for tida den største tørrdokken i Europa for flytande installasjonar. I tillegg profilerer verksemda lokale arbeidsmoglegheiter og tek difor kvart år mot tiandeklassingar på bedriftsbesøk. 

Reidun Huseby Vilsvik (t.v.) og Tove Nygård (t.h). Foto: Privat

Reidun Huseby Vilsvik og Tove Nygård: Dei har med stor dugnadsånd fått i gang møteplassen «Kafé av og te» i Eivindvik og har gjort mykje frivillig arbeid for bygda og innbyggjarane. I tillegg har dei vore pådrivarar for å integrere flyktningar og andre tilflyttarar via same møteplassen. Gjennom arbeidet sprer dei både glede og samhald. 

AS Birkeland Entreprenørforretning fullførte denne fjellhallen i Stendafjellet ved Lagunen like før jul. Foto: AS Birkeland Entreprenørforretning

AS Birkeland Entreprenørforretning: Verksemda hadde eit godt år i 2019 og avslutta to store jobbar for Statens vegvesen. Dei gjorde ferdig tre tunnelar i Luster i Indre Sogn og ferdigstilte Masfjordtunnelen på E39 mot Bergen. Dette var jobbar til over 200 millionar. I byrjinga av desember fekk verksemda også kontrakt med Statens vegvesen om rehabiliteringa av Eikefettunnelen på E39, og sikra seg med det to år med arbeid. I tillegg ferdigstilte dei den første store fjellhallen for Fana Stein og Gjenvinning i Stendafjellet ved Lagunen i Bergen før jul. Bedrifta har 22 tilsette. Mange av desse er frå Gulen og Masfjorden, men dei har også tilsette frå blant anna Indre Sogn og Voss. 

Stem på årets namn 2019
Bettina Lønne Varden
Hydro Aluminium Høyanger
Marita Aasen og Adrian Breidvik
Steinar Holen og Østerbø Maskin
Eva Kløvtveit og Rune Larsen i Gulen Blikk og Vedlikehold
Wergeland-gruppa
Tove Nygård og Reidun Huseby Vilsvik
AS Birkeland Entreprenørforretning
 
Created with Survey Maker
Til toppen