STEM: Stem på din favoritt for årets namn i Gulen og Høyanger
STEM: Stem på din favoritt for årets namn i Gulen og Høyanger (arkiv)

Stem på årets namn i Ytre Sogn

Sjå den fullstendige lista her.

 – Med «Årets namn» ynskjer me å gje ekstra merksemd til nokon som har utmerka seg i lokalmiljøet det siste året. Kanskje har dei gjort ein spesiell innsats lokalt, oppnådd gode prestasjonar, skapt debatt, stått i krevande prosessar, eller har utmerka seg på andre måtar, seier redaktør Synne Asheim Haga.

Spesielt i koronaåret 2020, meiner Porten.no at det er viktig å hylle viktige personar i regionen.  

Andre juledag nominerte me i Porten.no fire kandidatar, og utfordra lesarane til å nominere sine. No er den fullstendige lista klar. 

Kandidatane: 


 

VIL BYGGE: Svein-Inge Larsen ønskjer å bygge landets største landbaserte oppdrettsanlegg i Gulen. Foto: Jan Harald Rismyhr / Billund Aquaculture
  • Stein-Inge Larsen
    Bedriftseigaren har vore med å starte opp Viking Aqua. Oppdrettsanlegget vil verte Noregs største på land. Lokasjonen er Skipavika i Gulen. Larsen er i tillegg medeigar i ei rekkje andre verksemder som Skipavika næringspark, Havtare og Norsk Tang.

 

GRÜNDER: Frode Kversøy har fleire jern i elden. Foto: Privat
  • Frode Kversøy 
    Kversøy er gründer og dagleg leiar i Kversøy maskin. Han driftar eige verksemd, og er prosjektleiar for Martin E. Birkenes Eftf AS og Firda Seafood. I tillegg har han regulert i Mjåsund Næringspark og sett opp nytt hovudkontor der. Der tilrettelegg han også for andre verksemder.

 

ARBEIDER: Ola Braanaas og Firda seafood har kjempa for både ny barnehage og ny veg. Foto: Vidar Gudvangen / NRK
  • Ola Braanaas  
    Eigar og konsernsjef i Firda Seafood group Ola Braanaas tok iniatitiv til å få plass ein ny barnehage på Byrknesøy då den eksisterande var for liten. Han kjempa også for å utbetre vegen Fylkesveg 5582 mellom Sløvåg og Byrknesøy. I haust fekk Trude Brosvik gjennomslag for saka i Fylkestinget.

TERJE LARSEN: Saman med Ola Braanaas har Terje Larsen stått bak ideen om ny barnehage på Byrkenes Foto: Privat
  • Tore Larsen
    Dagleg leiar for Steelhead Invest på Byrknesøy. Tore Larsen var med Ola Braanaas å byggja barnehage på Byrknes. 

Bork og Mossestad framfor Malena Kafè Foto: Odd Arild Løseth
  • Marita Mossestad og Sven Bork
    Gjennom arbeidet sitt på Borks feriehus og Malenas kafé har duoen stått gjennom mykje i koronaåret 2020. Trass i at både reiseliv og serveringsbransjen har fått mange slag i magen gjennom året, går dei to ut av året med hovudet heva og verksemdene flytande. Dei viser også at det er mogleg å satse i små bygder som Vadheim, også i 2020. 

SUKSESS: Erik Osland og Osland havbruk. Foto: Osland Havbruk
  • Erik Osland
    Osland havbruk har i fleire tiår vore ei viktig hjørnetein for bygdene på Høyanger sørside. Som ei av mange kreative bedrifter i området, lokkar dei til seg unge folk og skapar engasjement i bygdene, mot oddsen.

    Dei siste åra har verksemda også segla opp som ein viktig ressurs for kommunen som heilheit. I jula i år finansierte dei digital julegusteneste i Høyanger. 

 

SMITTEVERN: Kristine Longfellow og Anita Pettersen har stått for smittevernet i Høyanger og Gulen gjennom koronaen.
  • Kristine Longfellow og Anita Pettersen
    Gjennom eit til tider ganske kaotisk 2020 har smittevernlegane i Gulen og Høyanger stått gjennom utbrot både lokalt og i kommunane rundt. Kristine Longfellow og Anita Pettersen har fått ei arbeidsmengde som dei færraste kan sjå føre seg. 

    Gjennom føre-var-prinsippet har dei handtert alt frå potensielle storutbrot, smitte med ukjent smitteveg og store utbrot i nabokommunar som Hyllestad og Bergen. Det har blitt gjort med kloke val om massetesting og lokale råd og reglar. 

 

Steinar Holen, mekanisk leiar hos Østerbø Maskin.
STÅR STØTT: Steinar Holen, mekanisk leiar hos Østerbø Maskin, står støtt om Østerbø-namnet Foto: Synne Asheim Haga
  • Østerbø
    Å ha eit bygdenamn som årets namn er kanskje heller uortodoks. Men den vesle bygda på enden av Østerbøvatnet har hatt mange jern i ilden det siste året. I haust vart gigantkraftverket Østerbø kraftverk ferdigstilt. Produksjonen er allereie i gang.

    Østerbø maskin held fram med å levere gode resultat, og om ikkje lenge flyttar dei inn i nytt hovudkontor når SFE og dei andre entrepenørane på kraftverket forlèt bygda. 

    Bygda har endå ein gong måtta kjempa mot Kartverket, som meiner at bygda må skifte namn til Øystrebø. Både varaordførar Geir Helge Østerbø og hjørnesteinsverksemda Østerbø Maskin har vist kva dei meiner om nettopp den saka. 

Fann du din favoritt? Stem på dei i skjemaet under! 

Til toppen