PREGA AV ULUKKE: Her går startskotet for Aurlandsfjellet Xtreme Thriathlon. Nokre timar seinare køyrde ein kvinneleg deltakar ut i svingane ned frå fjellet mot Aurland sentrum. Foto: Jan Christian Jerving.
PREGA AV ULUKKE: Her går startskotet for Aurlandsfjellet Xtreme Thriathlon. Nokre timar seinare køyrde ein kvinneleg deltakar ut i svingane ned frå fjellet mot Aurland sentrum. Foto: Jan Christian Jerving.

Stemnesjef om ulukka: – Det er det verste som kan skje

Kvinna i 30-åra som sykla av vegen under ekstremthriatlonet i Aurland i går er framleis alvorleg skadd. Ulukka pregar det vesle thriatlonmiljøet.

Aurland: For stemnesjef Børge Sivertsen frå Sogndal er det ein tung dagen derpå. 

– Alvorlege ulukker under konkurransen, det er det verste som kan skje for oss som arrangerer. Vi har tryggleiken i høgsetet og gjer det vi kan. Men vi kan ikkje fjerne moglegheiten for at det kan skje noko. Det er tungt og vi håper det går bra med ho det gjeld, seier han.

Les også: Kvinneleg syklist funnen kritisk skadd i ei grøft på Aurlandsfjellet

TØFF ETAPPE: Deltakarar på veg ned frå Aurlandsfjellet under sykkeletappen av gårsdagens triathlon.
TØFF ETAPPE: Deltakarar på veg ned frå Aurlandsfjellet under sykkeletappen av gårsdagens triathlon.

Køyrde ut i ein sving

Han fortel at nokre turistar på staden vart augevitner til ulukka. 

– Det var ein sving ho ikkje greidde og så køyrte ho ut. Heldigvis hadde det lokale Røde Kors stasjonert ut mange folk på fjellet, så dei kom raskt til ulukka. Det har nok hjulpe mykje, fortel Sivertsen.

Han seier det var plussgrader og tørr asfalt på staden der kvinna køyrde ut.

– Sånn sett så var det greie forhold. Men det er ei tøff etappe, du er utsliten og blir gjerne òg kald på nedkøyringa, seier stemneleiaren.

– Kryssar fingrane

Både ambulanse og luftambulanse vart tilkalla, og kvinna vart frakta med helikopter til Haukeland sjukehus. Ifølgje politiet var tilstanden til kvinna i går kritisk. Klokka 11.20 i dag melder sjukehuset at pasienten framleis er alvorleg skadd.

Før ulukka vart kjend var målområdet på Østerbø prega av slitne, men glade fjes. At ein av deltakarane no ligg på sjukehus, er ei nyheit som pregar miljøet.

– Det er klart det gjer. Det er eit lite miljø og vi kjenner kvarandre. Så dette pregar alle oss som arrangerer og alle som har vore med. No kryssar me berre fingrane for at det går bra med ho, seier Sivertsen.

 

Til toppen