FØLGJER NØYE MED: Ivan Øy følgjer nøye med på treningane. Årdal-trenaren rapporterer om ei god stemning blant spelarane før den viktige kampen mot Tornado Måløy. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
FØLGJER NØYE MED: Ivan Øy følgjer nøye med på treningane. Årdal-trenaren rapporterer om ei god stemning blant spelarane før den viktige kampen mot Tornado Måløy. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

Stemninga på topp i Årdal-troppen før skjebnekampen

No skal det avgjerast. No er det vinn eller forsvinn. For Årdal-trenar Ivan Øy er den berre vinn som gjeld når ein skal prøva å unngå nedrykk mot Tornado Måløy laurdag.

Med éin kamp igjen å spela av sesongen er ingenting avgjort i botnen av 3. divisjon. To av laga er allereie klare for nedrykk. Larsnes/Gursken har vore det ei stund, medan Norborg må ta turen ned etter eit seint utlikningsmål frå Arna-Bjørnar førre helg.

Kven som endar på den siste av dei tre nedrykksplassane er det ingen som veit. Det kan bli Årdal. Det kan bli Tornando Måløy. Eller det kan bli Bergsøy.

Årdal best stilt

Av dei tre laga er det ingen tvil om at Årdal står best stilt. For det første har dei eitt poeng meir enn både Tornado Måløy og Bergsøy. For det andre har dei ein langt betre målforskjell enn fylkesrivalane.

Artikkelen held fram under biletet.

VIKTIG: Preben Strypet var suspendert mot Stryn, men leiar rekkene mot Tornado Måløy.
VIKTIG: Preben Strypet var suspendert mot Stryn, men leiar rekkene mot Tornado Måløy.

Laget frå industribygda står med 26 poeng og ein målforskjell på -13. Bergsøy har 25 poeng og ein målforskjell på -12, medan Tornado Måløy har 25 poeng og ein målforskjell på -41.

God stemning i troppen

Det betyr at så lenge raudtrøyene tek poeng laurdag, vil plassen vera sikra - uavhengig av korleis det går i kampen mellom Bergsøy og jumboane Larnes/Gursken.

– Stemninga er på topp. Me har hatt ei god treningsveka. Folk har byrja å kvikna til. Det har vore nokre småskadar, men det ser bra ut no, seier Årdal-trenar Ivan Øy til porten.no og fortel at han kan velja og vraka frå heile troppen laurdag.

Det vil seia at blant anna Preben Strypet, som var suspendert mot Stryn, leiar rekkene på topp.

– Det er ingen tvil om at det er viktig å ha han tilbake. Han er eit godt oppspelspunkt, ein god avsluttar og ikkje minst sterk i lufta. Og så virka Johnny (Aspeseter Hagen) veldig pigg, så det er bra, rapporterer Øy.

Det lovar godt før det viktige møtet med Tornado Måløy, som naturlegvis er ute etter ein siger sjølve. 

Rekdal lovar hjelp

Skulle det bli tap, kan Årdal framleis overleva, men då må Larsnes/Gursken, som har tatt nesten halvparten av poenga sine på dei fire siste kampane, slå naborival Bergsøy.

– Kan ein rekna med hjelp frå dykk?

– Sjølvsagt. Dette er eit nabooppgjer, så me har veldig lyst til å vinna, og det trur eg at me har gode sjansar for å gjera også, seier Larsnes/Gursken-trenar Torbjørn Rekdal til Porten.no. 

Artikkelen held fram under biletet.

MOTIVASJON: Spelarane får påfyll med motivasjon og retningslinjer frå Åge Hestetun.
MOTIVASJON: Spelarane får påfyll med motivasjon og retningslinjer frå Åge Hestetun.

Då Larsnes/Gursken tok imot Bergsøy på heimebane i vårsesongen, enda det 1-1.

– Det er viktig før neste år at me prøver å visa at me kan prestera. Det er viktig for oss dette med nabooppgjer. Viss me får med oss Bergsøy ned, så slepp me at dei er ute etter våre spelarar, held han fram. 

– Me har forholdsvis bra tak på dei. Det er nokre skader, men eg trur me skal klara å prestera og stilla eit såpass slagkraftig lag at me slår dei. 

Treng støtte frå innbyggjarane i Årdal

Det er svært gode nyhende for Årdal, men Øy nektar å la dette vera ei kvilepute.

– Det er ei skummel kvileputa. Eit tap har ikkje vore diskutert ein gong. Laurdag går me for å vinna, så absolutt.

Og for å klara det, ønskjer Årdal-trenaren hjelp frå innbyggjarane i bygda, som han håpar vil ta turen for å støtta laget.

– Det hadde vore veldig kjekt om me hadde fått samla til fullt hus. Det hadde skapt ei god ramma rundt kampen, noko gutane fortener. Det er ein lang sesong, og me held på i nesten ti månader med fire-fem-seks økter i veka.

– Eg håpar folk tek seg tid til å komma ned og sjå på denne viktige kampen.

Til toppen