Stemningsfull 17. mai-feiring i Årdal

Trass dårlege vêrmeldingar vart det ei flott 17. mai dag i Årdal i år

Øvre Årdal

Feiringa i Øvre byrja på Torget utanfor Gamleskulen rundt klokka 12. Der var det lagt opp til talar frå elevar ved Farnes skule, musikkinslag fra Kulturskulen og elevar, og diktlesing. 

Toget gjekk derifrå rundt klokka 13, og gjorde sin vanlege stopp utanfor ÅBO, der fleire av bebuarane hadde sett seg ut for å få med seg musikken til korpset i toget.

Då toget kom fram til Årdalshallen rundt halv 2 var det klargjort servering inne i hallen og gjort klart til diverse aktivitetar for borna ute på Jotun stadion. Borna kunne ha drakamp, sekkeløp, fot-bowling, eller kaste på blink med ertreposar. Det var premiar til alle, og stemninga var på topp bland borna som deltok.

Inne i hallen byrja programmet klokka halv 3, og opna med innslag frå Årdal Mannskor. Deretter kom Årdal kulturskule med to innslag, eit solonummer av Tea Berg som sang og spelte piano, og Klarinett gruppa som spelte to nummer.

Jos. B. Thue gjekk so fram for å halde ein tankevekkjande tale om dei politiske forholda i Noreg før og no, og kva som ligg i omgrepet fridom.

Farnes Skulemusikk imponerte med sine framføringar av blandt anna ein flott Michael Jackson medley.

Etter desse var det ein sliten russegjeng sin tur til å halde sine tradisjonelle talar. Raudrusspresident Benjamin Nese haldt ein godt gjennomtenkt tale der han sette dei sosiale og politiske forholda mellom Øvre og Tangen på spissen.

Arrangementet vart avslutta av elevrådsleiar ved Farnes skule, Rikke Moen Sand, som annonserte vinnarane av Blås Grønt konkurransen.

Årdalstangen

På Årdalstangen var et godt oppmøte og god stemning i toget, med mange flott kledde skuleborn og foreldre. Mange møtte opp til start og fleire hang seg på undervegs frå Rema 1000 til Tangen skule- og fritidspark, der det var lagt opp til aktivitetar for born og eldre.

Ivrige born deltok i dei organiserte leikane, og det gjekk til tider hardt føre seg i både potetlaupet og sekkelaupet. 

Inne i Tangenhallen var det fullt hus, der dei kunne få med seg underhaldning og talar. Stemninga var på topp, og det vart ei vellukka markering av nasjonaldagen på Årdalstangen i år også.

Til toppen