JULEKOS: Mykje godt å velje mellom. Foto: Anne Karin Skjær
JULEKOS: Mykje godt å velje mellom. Foto: Anne Karin Skjær

Stemningsfull julemarknad på gamle Lærdalsøyri

Laurdag opna den aller fyrste julemarknaden i Lærdal. Med nokre få minusgrader og klarvèr, var råmene perfekte då lysa blei tent kring dei ærverdige trehusa.

Det blei ein flott start på marknadshelga, då nissetoget markerte opninga med å entra gamle Lærdalsøyri laurdag føremiddag. Om lag 40-50 små og store nissar møtte opp på Villakssenteret, og tok ein runde rundt i sentrum, før dei samla seg i Kvammegården.

NISSETOG: Tok seg ein runde i sentrum av Lærdalsøyri.
NISSETOG: Tok seg ein runde i sentrum av Lærdalsøyri.

Klar med ønskeliste

Smånissane Linnea Cirotzki Fossen (6) og Ronja Cirotzki Einemo (6) har for anledninga teke med seg tante Marianne, og er klar til å møte sjølvaste julenissen. Linnea har på førehand laga klar ei lista over kva ho ynskjer seg til jul, og vil levere den til nissen personleg. 

– Eg har skreve opp alt eg ynskjer meg til jul, og skal gi den til nissen så snart han dukkar opp, fortel Linnea til Porten.no

Saman med syskenbarnet sitt Ronja, ser dei begge fram til å formidle kva dei ynskjer skal ligge under treet julaftan.

I mellomtida smakar det godt med pepparkaker og gløgg. Anna Gjesdal serverer gløgg frå Kvammes, og ser at mange set pris på tilbodet.

– Det har vore mange innom i dag. Kjøper ein gløgg kan forsyne seg med så mange pepperkaker ein ynskjer.

Julemarknad Lærdalsøyri

KLAR: Smånissane Linnea C. Fossen og Ronja C. Einemo har for anledninga teke med seg tante Marianne, og er klar til å møte sjølvaste julenissen.  

Rikeleg utval

Bodene bugnar over med med ulike delikatesser, der kortreist mat er i fokus. Økologisk pepperkaker frå Aurland jordbruksskule, brun og kvit geitost frå Undredal og eit rikhaldig utval av ulike bruksgjenstandar og pynteting, for å nemne noko. 

Dei få kuldegradene gjer til at fleire sikrar seg produkt i både ull og allpakka. I bodene er det handstrikka ullsokkar, vottar, luer og gensarar.  Husflidslaget held til innandørs, og fleire tek turen innom for å sjå og kjøpe. For dei som ville sikre baksten før jul, er det fort å skaffe seg 7 ulike kakesortar.

JULEKAKER: Fleire kakeslag å velje mellom.
JULEKAKER: Fleire kakeslag å velje mellom.

– Det er ingen tvil om at småkakene er populære, me har alt selt unna ein stor del av dei, og me må heile tida fylle på, fortel Hilde Iren Rust, til Porten.no

Julemarknad over to dagar

Årets marknad går over to dagar, og tilreisande frå nabokommunane set stor pris på å vandre blant den gamle trehusbusetnaden, som for anledninga er pynta frå topp til tå. 

-Det skapar god julestemning å vandre her på gamle Lærdalsøyri, fortel Egil Jørgen Lund frå Årdalstangen, som har med både barn og barnebarn.

– De er heldige som har bevart ein så stor del av den gamle busetnaden, og eg må berre innrømme at her storkosar eg meg. 

Til toppen