KOLONNE: Fylkesveg 50 Aurland - Hol var midlertidig stengd grunna uvêr. No er det kolonnekøyring.
KOLONNE: Fylkesveg 50 Aurland - Hol var midlertidig stengd grunna uvêr. No er det kolonnekøyring. (Foto: Arkiv)

På desse fjellovergangane er det kolonnekøyring

Uvêr i Sogn gjer det trøblete på vegane.

Indre Sogn: Torsdag morgon var Fylkesveg 50 Aurland - Hol midlertidig stengd grunna uvêr. Like etter klokka 08:00 opna vegen for kolonnekøyring. 

Det er ikkje berre på strekninga Aurland - Hol ein kan merka det kalde desembervêret. Like før klokka 07:00 vart det innført kolonnekøyring på Riksveg 13 Vikafjellet.  

Resten av fjellovergangane i regionen er førebels opne for fri ferdsel. 

Til toppen