Stengde tunnel grunna syklist

Fodnestunnelen i Lærdal vart fredag stengt grunna ein mørkkledd syklist. 

Etter at syklisten var komen ut av Fodnestunnelen vart tunnelen opna igjen for fri ferdsel. 

Billistar som skulle gjennom tunnelen fredag føremiddag vart møtt av eit raudt stopplys på Lærdal-sida. 

Det tok ikkje mange minuttane før vegtrafikksentralen la ut meldinga på Twitter, før dei annonserte at tunnelen var open igjen. 

Til toppen