Vestland: – Me stenger skulane i samråd med helsestyresmaktene som ledd i arbeidet med å redusera vidare spreiing av koronaviruset, seier fylkesrådmann Rune Haugsdal i ei pressemelding.
Fagskulane vert óg stengde. Ifølgje fylkeskommunen vil elevane få nettbasert undervising i denne perioden. Målet er at elevane ikkje skal koma bakpå fagleg.
– Virusspreiinga har auka dei siste dagane og fylkeskommunen ser difor dette tiltaket som eit nødvendig skritt, seier Haugsdal.
Alle dei tilsette møter på skulane som vanleg.