STENGT: Årsaka til dette er at kommunen startar for fullt med klargjering av utebassenga for sommaren. Foto: Arkiv. 
STENGT: Årsaka til dette er at kommunen startar for fullt med klargjering av utebassenga for sommaren. Foto: Arkiv. 

Stenger bassenget i Årdalshallen 

Bassenget i Årdalshallen har sin siste ordinære opningsdag fredag 20 mai.

Årdal: Frå denne dagen vert bassenget stengt både på dag- og kveldstid.

– Årsaka til dette er at kommunen startar for fullt med klargjering av utebassenga for sommaren, skriv Arne Hovland, Idrettskonsulent i ei pressemelding. 

Les også: Forseinka bassengopning

Same anlegg som utebassenget 

For å få vatnet i balanse og godkjend før badinga startar er det ein omfattande prosess med reingjering av basseng samt balansering og oppvarming av vatn.

– Denne prosessen tek om lag ein månad før vi er i mål. Då bassenga inne i hallen og ute vert køyrt over same tekniske anlegg kan vi ikkje halde innebassenget i drift i dette tidsrommet, seier Hovland. 

Les også: Det blir vatn i bassenget komande sommar

I år har kommunestyret også sett av midlar til å halde bassenget på Årdalstangen ope, slik at det også der vil føregå ein prosess med klargjering samstundes.

– Dersom vi ikkje får vesentlege problem tek vi sikte på at bassenga på begge stadene vert opna 17 juni. Årdal Kommmune ser fram til ein fin sommar med mykje publikum som vil nytte dei flotte badeanlegga våre, avsluttar Hovland. 

Til toppen