KROKEN PÅ DØRA?: Kor vidt stenginga av Expert i Øvre Årdal er mellombels eller nedlegging for godt vil bli avgjort i løpet av kort tid. Foto: Ole Ramshus Sælthun
KROKEN PÅ DØRA?: Kor vidt stenginga av Expert i Øvre Årdal er mellombels eller nedlegging for godt vil bli avgjort i løpet av kort tid. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Stenger Expertbutikken i Årdal på ubestemt tid

Dagleg leiar Odd Børge Nundal fortel til Porten.no at det blir bestemt i løpet av dei to komande vekene kor vidt butikken blir stengt for godt eller ikkje.

Årdal/Sogndal: – Me slit med å finna folk til å driva butikken i Årdal, også i Sogndal. Difor har me vald å stenga avdelinga i Årdal i første omgang, så får me sjå kva som skjer i løpet av denne og komande veke, seier Nundal.

Expertbutikkane i Årdal og Sogndal ligg under selskapet Nundal Detail AS som er eigd av selskapet Nundal Consult AS, der brørne Odd Børge og Bjørn Vidar eig aksjane.

– Må finna ei fornuftig løysing

STENGT: Denne lappen møter du på Expert i Årdal i dag.
STENGT: Denne lappen møter du på Expert i Årdal i dag.

Kor vidt stenginga no betyr kroken på døra for avdelinga i Årdal og kva som blir framtida for avdelinga i Sogndal, kan han ikkje seia noko om no.

– Me må finna ei fornuftig løysing på drifta, eller det kan henda me stengjer ned avdelinga i Årdal for godt. Dette må me koma tilbake til. Men eg og bror min har ikkje tid til å driva butikken sjølve, og har ikkje funne nokon til å driva den.

Folk får henta varene dei har bestilt på nett

Såleis er det ikkje hovudsakleg økonomiske årsaker til at butikken kan koma til å bli nedlagt.

– Viss nokon vil driva butikk, er det berre å ta kontakt. For det er mykje moglegheiter i denne butikken.

Avdelinga i Årdal blir stengt frå i dag, onsdag, men Nundal fortel at alle som har handla varer på nett og skulle henta dei i butikken får gjort det.

– Det er berre å ringja, så får folk henta varene sine, seier Nundal 

 

Til toppen