Flåm: Fylkesmannen i Vestland har vedteke å stenga fisket etter laks og sjøaure i Flåmselvi i 2019. Stenginga gjeld óg eit stykke ut i fjorden, til Dorganeset (sjå kart).
– Situasjonen til laksen i Flåmselvi er kritisk, skriv Fylkesmannen i Vestland.
Nyheita kjem to dagar etter at me i Porten.no melde at fisket i Lærdal har starta verre enn fjorårets katastrofesesong.
Fleire faktorar
Fylkesmannen forklarer vedtaket med at talet gytefisk i Flåmselvi har minka dramatisk. Gytebestanden for laks låg på mellom 200 og 280 individ i åra 2012 til 2016, men minka til 34 individ i 2018. Gytebestanden for sjøaure er redusert frå 394 individ i 2014 til 60 i 2018.
Ein del av skulda får flaumen i 2014, som vart etterfølgt av mykje graving og anleggsarbeid i og langs elva. Dette har ført til at færre rogn og yngel har overlevd, og at gyte- og oppvekstområde har gått tapt. Grunneigarane har ikkje fiska i elva etter flaumen.
– Laks og sjøaure møter óg mange utfordringar i sjøen. I tillegg er rømt fisk ei utfordring. Summen av alle påverknadane kan vera kritisk for laks og sjøaure i Flåmselvi, skriv Fylkesmannen.