STENGER: Fylkesveg 53 ved Ljoteli i Årdal vert stengd i periodar fram mot sommaren. Vegvesenet skal sikra vegen før arbeidet med ljotelitunnelen kan starta.
STENGER: Fylkesveg 53 ved Ljoteli i Årdal vert stengd i periodar fram mot sommaren. Vegvesenet skal sikra vegen før arbeidet med ljotelitunnelen kan starta. (Foto: Arkiv)

Stenger fylkesveg - startar opp vegarbeid

Frå og med måndag 29.april startar Statens vegvesen vegarbeidet på fylkesveg 53, det medfører periodevise stengingar.

Årdal: Fram til sommaren blir det stengingar ved fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin, melder Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Det skal gjerast tiltak på vegen før bygginga av den nye Ljotelitunnelen kan starta. 

Anleggsområdet strekk seg frå Holsbru og nedanfor Ljoteli II, tunnelen som ligg i den første svingen i bakkane ned mot Årdal.

Fv. 53 Ljotelitunnelen

• Ljoteli mellom Årdal og Tyin er utsett for steinsprang, nedfall av is og snøskred. Den nye Ljotelitunnelen skal redusere risikoen på for skader på dei som køyrer her, og sikre at fv. 53 blir ein forutsigbar og open veg med færre stengingar.
• Tunnelen vert 1.100 meter lang. I tillegg skal det byggast om lag 700 meter veg i dagen.

Det skal ryddast skog, det skal sprengast i ei fjellskjering for å utvide vegen, og ein gamal mur på nedsida av vegen må takast att.

Vossa-firmaet Flage Maskin AS skal utføre arbeidet. Forprosjektet skal vere ferdig innan sommarferien.

Arbeidet startar måndag 29. april, og vil gå frå måndag til fredag, frå klokka 07 til klokka 19. Vegen vert stengt i inntil to timar, og opningstidene er tilpassa rutegåande trafikk.

Til toppen