Årdal: Per Magne Gullaksen i Hydro Energi fortel at dei jobbar med å rassikre gamlevegen frå denne veke og i fire-fem veker framover.
– Ein driv med rassikring og fjellsikring frå 400-meteren og opp. Då blir vegen stengt i periodar, fortel han.
Vegen har ikkje altfor mykje trafikk, men fleire nyttar han til turmål eller køyrer opp for å kome innpå fjellet for turar, fisking og jakt.
Arbeidet pågår måndag til torsdag og startar klokka 07.00 om morgonen fram til 18.00 alle desse dagane.
Vegen vert opna for passering klokka 09.00, 12.00 og 15.00.