BRANN: Ein buss tok til å brenne i Gudvangatunnelen på E16 i Aurland tysdag føremiddag. Illustasjonsfoto
BRANN: Ein buss tok til å brenne i Gudvangatunnelen på E16 i Aurland tysdag føremiddag. Illustasjonsfoto (Foto: arkiv)

Stenger Gudvangatunnelen i minst seks veker

Brannen i Gudvangatunnelen på E16 i Aurland tysdag ettermiddag gjer at tunnelen blir stengt i lang tid framover. 

Aurland: Like før halv to tysdag føremiddag melde politiet på Twitter om brann i Gudvangatunnelen på E16 Aurland. Naudetatane var då på veg til staden. Ifølgje NRK Sogn og Fjordane var det snakk om brann ein turistbuss, 500 meter inne i tunnelen. 

Klokka to melde politiet at det stod att bilar inne i tunnelen og at brannvesenet var i gang med sløkkinga.

Sendt til sjukehus

Ifølgje 110-sentralen i Hordaland var brannen sløkt kring klokka 15.30. Brannmannskapen dreiv då med ettersløkking. Totalt vart 37 personar evakuert frå tunnelen. 

Dei 32 asiatiske passasjerane på turistbussen vart frakta med båt etter å ha blitt redda ut av Gudvangatunnelen. Fire personar vart sendt til Voss sjukehus etter hendinga,  opplyser NRK Sogn og Fjordane. Sjukehuset hadde også kontakt med Haukeland, om det var hardt skadde pasientar som skulle trenge meir hjelp. Onsdag, dagen etter brannen, fekk desse status som lettare skadd.

Stengt over lenger tid

Til NRK seier avdelingsdirektør i vegvesenet, Svenn Egil Finden at Gudvangatunnelen på E 16 blir stengt i minst seks veker. 

Det er no to år sidan 70 personar vart send til sjukehus etter ein dramatisk brann i ein lastebil i Gudvangatunnelen. 

Anbefalte omkøyringsruter frå Statens vegvesen mellom nord og sør er E39 over Sognefjorden, som inkluderer ferje over Lavik-Opedal. For dei som er på veg frå aust til vest kan køyre Rv 7 over Hardangervidda eller E134 Haukelifjell. Ei lokal omkøyringsrute er Rv 13 over Vikafjellet for personbilar.

For å varsle reisande har vegvesenet skilta ved Hønefoss, Leira, Gol, Voss, Skei og Trengereid og entreprenør varslar trafikantar på E16 på Håbakken i Lærdal. 

Fleire trafikkmeldinga finn på her. 

 

Til toppen