Lærdal: Oppdatert: Tunnelen opna 09.16 for trafikk igjen. Det skriv Vegtrafikksentralen på Twitter
Lærdalsunnelen på E16 stengde i morgontimane torsdag.
– Det er ein høgdemarkør som henger litt dårleg inne i tunnel. Entrepenør er på staden, sa trafikkoperatør Idar Sangolt i Vegtrafikksentralen.
Usikkert kor lenge
Han forklarte vidare at det ikkje har kome melding om at nokon har vore borti markøren. Einaste meldinga dei fekk er at den hang dårleg.
Sangolt hadde ikkje eit anslag på kor lenge tunnelen vil vere stengd, men han rekna med at det var ein ganske rask fiks. Det var det også.