STENGT: Vatnet på Lærdalsøyri vil bli stengt natt til torsdag denne veka. Foto: Arkiv. 
STENGT: Vatnet på Lærdalsøyri vil bli stengt natt til torsdag denne veka. Foto: Arkiv. 

Stenger vatnet på Lærdalsøyri

Natt til torsdag blir drikkevatnet på Lærdalsøyri stengt. 

Lærdal: Heile Lærdalsøyri vest for Lærdal Bu- og omsorgsheim og ut til Habben vert utan vassforsyning på grunn av tilkopling av ny
stikkleidning i Skulevegen.

Det skriv Lærdal kommune på sine heimesider

Vatnet er stengt i perioden onsdag 25. mai frå klokka 22.30 til klokka 06.00 torsdag morgon. 

Skulevegen vert stengt ved skulen onsdag frå klokka 18.00 til 06.00 torsdag morgon. 

– Hugs å tappe deg vatn til nødvendig bruk. Når vatnet kjem attende, lat det renna litt i springen for å tømme røyrene for luft, skriv kommunen. 

Tekniske tenester beklager ulempene dette måtte medføre.

Til toppen