Flåm: Ein person omkom etter at tre bilar kolliderte i Flåm for to veker sidan. No vil politiet stenga E16 mellom Flåm og Aurland for å rekonstruera hendinga.
Vegen blir stengt i periodar komande måndag, opplyser vegvesenet i ei pressemelding.
– Rekonstruksjonen skal skje både i dagslys og i lys tilnærma det som var på ulukkestidspunktet. Vegen blir difor stengd, i begge køyreretningar, i periodar mellom klokka 12:00 og 14:00, og mellom klokka 17:00 og klokka 18:30, skriv dei.
Dei opplyser at trafikken vil bli leia forbi i kolonnar så ofte som mogleg.