Stenger vegen over Filefjell i 19 dagar

Stenger vegen over Filefjell i 19 dagar

I juni blir E16 over Filefjell heilt stengt i 19 dagar.

Det opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding. Årsaka til stenginga er at bygginga som no pågår vil føra til vanskelege køyretilhøve for trafikantane i sommar.

Spesielt eit par utfordrande punkt gjer det svært krevjande å halda trafikken gåande medan ny veg blir bygd, skriv Vegvesenet.

Stengt i 19 dagar

Difor vil vegen bli heilt stengt frå måndag 1. juni klokka 06.00 fram til fredag 19. juni klokka 14.00.

Artikkelen held fram under biletet.

STENGT: Kartet viser kor vegen skal stengast i 19 dagar i juni. Illustrasjon: Statens vegvesen.
STENGT: Kartet viser kor vegen skal stengast i 19 dagar i juni. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Vegen kjem til å bli stengt ved Slutebakken, mellom Øvre og Nedre Smedalsvatn, gjennom heile perioden, også i helgane. For å få gjort mest mogleg på desse dagane kjem Hæhre entreprenør til å jobbe skift.

Når det gjeld grunneigarar og hytteeigarar i området, så skal desse få tilgang til å koma seg fram til eigedomane så langt det er mogleg.

Til det beste for alle partar 

Gjennomfartstrafikk må nytta fylkesveg 53 mellom Tyin og Årdal til omkøyring. 

– Totalt sett meiner me stenging i ein kortare periode er den beste og mest oversiktlege løysinga for mange, men me orsakar ulempene dette vil føre med seg for dei som blir hardast råka av stenginga, heiter det i pressemeldinga.

– Samstundes vil me opplyse om at fleire kilometer av E16 vil bli gjort ferdig med asfalt i laupet av hausten 2015.

Sjå framdrifta i tunnelen i videovindauget under.

Til toppen