STENGD: Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin blir stengd i tre veker frå og med 25.november.
STENGD: Fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin blir stengd i tre veker frå og med 25.november. (Foto: Statens vegvesen)

Stenger vegen over Ljoteli i tre veker

Frå 25. november til og med 15. desember blir det heilt stengd på fylkesveg 53 mellom Årdal og Tyin.

Årdal: Grunna sprengingsarbeid blir vegen over Tyin stengd i tre veker, skriver Statens vegvesen i ei pressemelding. 

– Vegen vil vera heilt stengt frå 25. november til 15. desember mellom Øvre Årdal og Holsbru. Det vil vera arbeid alle dagar for å få forskjeringane klare til tunnelarbeid, og dette er sprengningsarbeid som ikkje er foreinleg med trafikk gjennom anleggsområdet, seier prosjektleiar Jens-Ivar Nilsen i Statens vegvesen. 

Bilistar må dermed køyre om Lærdal og via Filefjell eller Hemsedal om dei skal austover i perioden. 

– Det blir jo ein lang omveg for folk som vil opp til hytter mellom Holsbru og Tyin, så me håpar at folk vil ha tolmod med oss dei komande vekene. Målet er jo ein ny og sikker veg gjennom Ljoteli, så då må me akseptera noko på vegen, seier Nilsen.

Flage Maskin AS har fått oppdraget om å bygga ny tunnel og veg i Ljoteli, og arbeidet går etter planen opplyser Vegvesenet. Tunnelen skal bli 1100 meter lang.

Til toppen