STENGING: Natt til laurdag og natt til søndag denne helga vert fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen heilt stengt.
STENGING: Natt til laurdag og natt til søndag denne helga vert fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen heilt stengt. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Stengjer fylkesvegen om natta: – For å stabilisera området etter raset

Fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Årdalstangen vert heilt stengt om natta denne helga.

Årdal: Torsdag kveld losna det steinar i ei røys under arbeidet med å setja opp eit rasfanggjerde. No skal resten av denne røysa ned for å gjere området sikkert att.

– Då det var bora bolt for montering av rasfanggjerde torsdag, losna det steinar under arbeidet. Steinane datt ned i ei røys og tok med seg fleire steinar. Det har skjedd ei utgliding mot lastebilen som stod der, men lastebilen vart ikkje verre skadd enn at ein kunne køyra han vekk i dag, seier Svein Jarle Slinde i Statens vegvesen.

Ustabilt

Sidan botnen av røysa er det som held massane bak, og den no er vekke, så er området ustabilt, forklarar han.

– Me tenkjer at det held fram til dei byrjar med arbeidet i kveld. Det er stabilt vêr og geolog har sett på det, men det må reinskast ned for å stabilisera området før me set opp rasfanggjerde, legg prosjektleiaren til.

Trygt og effektivt

Arbeidet blir utført med Menzi Muck, som er ei gravemaskin tilpassa slikt arbeid.
Reinsk og stabilisering fører til at ein får mykje stein i vegbana, og då må ein stenge vegen for å få eit effektivt og trygt arbeid. Det kjem til å foregå mellom 00.00 og 05.00 natt til laurdag og søndag.

Fredag er det styrt trafikkavvikling på staden med berre éi vegbana open. På dagtid laurdag blir det truleg lite arbeid, så difor treng ein berre å rekna med korte stopp.

Til toppen