STENGT: Tysdag og onsdag komande veke må du ta ferja frå Lærdal til Mannheller ettersom det skal gjerast vedlikehaldsarbeid på kaia på Fodnes. Illustrasjonsfoto
STENGT: Tysdag og onsdag komande veke må du ta ferja frå Lærdal til Mannheller ettersom det skal gjerast vedlikehaldsarbeid på kaia på Fodnes. Illustrasjonsfoto

Stengjer kaia to dagar komande veke

På grunn av vedlikehaldsarbeid vil ferja på riksveg 5 gå i kriserute mellom Mannheller og Lærdal på dagtid tysdag 10. januar og onsdag 11. januar

Lærdal/Sogndal: – Vi må gjere heilt nødvendig vedlikehald av ferjepiren på Fodnes, og desse to dagane må ferja difor gå mellom Mannheller og Lærdal. Dette betyr nokre færre avgangar og lengre overfart, seier Audun Borlaug, byggeleiar på bru- og ferjekaivedlikehald i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Tysdag 10. januar og onsdag 11. januar går ferja i kriserute:

Frå Mannheller: 09:00, 09:45, 10:30, 11:15, 12:00, 12:45, 13:30, 14:15, 15:00, 15:45, 16:30

Frå Lærdal: 09:45, 10:30, 11:15, 12:00, 12:45, 13:30, 14:15, 15:00, 15:45, 16:30, 17:15

– Vi legg opp til at arbeidet på ferjekaia startar etter klokka ni på morgonen, og at ferja går i normal rute fram til då slik at folk kjem seg på jobb og skule, seier byggeleiar Audun Borlaug.

Arbeidet vert utført på dagtid, og ferja går difor som normalt på kveld og natt.

Til toppen