Oppedal: Fylkesveg 5586 mellom Ytre og Indre Oppedal vert stengt i kring éin time frå om lag klokka 14.30 torsdag på grunn av bilberging, melder vegtrafikksentralen.
Ein betongbil har velta på veg innover stranda. Den skal vere utan betong.
Vegen vert stengt etter at skulebussen har passert på veg tilbake til Brekke.
Ifølgje Nordhordland politidistrikt har dei ikkje fått melding om velten, og det er difor truleg inga personskade.