RUSKETE: Slik såg det ut ved Øvre Smedalsvatnet på Filefjell klokka 14:59 onsdag.
RUSKETE: Slik såg det ut ved Øvre Smedalsvatnet på Filefjell klokka 14:59 onsdag. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

Stengt eller kolonne over heile fjøla

Uvær skapar trøbbel for vegfarande onsdag.

Sogn: På grunn av uvær er det innført kolonnekøyring både over Filefjell, Hemsedalsfjellet, og Vikafjellet.

VENTETID: På Bjøberg på Hemsedalsfjellet ventar kolonna på å få køyra vidare i retning Hallingdal. Foto: Statens vegvesen/Webkamera

På værstasjonen på Hemsedalsfjellet viser målingane temperaturar rett under null, nedbør på 3,4 milimeter, og vind på 14,6 meter i sekundet rundt klokka 15. På Filefjell er det null grader, ingen nedbør, men vinden er på 20,1 meter i sekundet.

Onsdag og natt til torsdag er det meldt snøfokk i fjellet på grunn av snø og kraftig vind. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel på oransje nivå. 

Dette er status på fjellovergangane i Sogn:

  • E16 Filefjell: Kolonne
  • Rv52 Hemsedalsfjellet: Kolonne
  • Rv13 Vikafjellet: Kolonne
  • Fv50 Hol-Aurland: Stengt. Blir ikkje opna i dag.
  • Fv53 Tyin-Årdal: Stengt. Blir ikkje opna i dag.

Sist oppdatert kl: 15:34

Til toppen