RUFSETE: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet klokka 10:08 torsdag.
RUFSETE: Slik såg det ut på Hemsedalsfjellet klokka 10:08 torsdag. (Foto: Statens vegvesen/webkamera)

Stengt og kolonnekøyring i fjellet

Uvêr skapar trøbbel for trafikken i høgda.

Indre Sogn: Torsdag føremiddag er ei rekkje fjellovergangar anten stengde eller så er det innført kolonnekøyring. Årsaka er vind, snø og til dels dårleg sikt.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for Hordaland, Sogn og Sunnfjord grunna vind med lokale kast på mellom 27 og 33 meter i sekundet utsette stader. Vinden er venta å løya frå 18-tida og utover kvelden.

Torsdag og natt til fredag er det venta periodar med snøfokk på grunn av sterk vestleg vind og snøbyger.

På Filefjell viser vêrstasjonen klokka 10:36 torsdag minus 3,9 grader, 7,7 millimeter nedbør og vind på 12,8 meter i sekundet.

Dette er status på fjellovergangane no:

  • Fv50 Hol - Aurland: Stengt
  • Fv53 Tyin - Årdal: Stengt
  • Rv13 Vikafjellet: Stengt, ny vurdering i morgon kl 16:00.
  • E16 Filefjell: Kolonne
  • Rv52 Hemsedal: Kolonne

Sist oppdatert 10:36.

Til toppen