STENGT: Tindevegen er stengt måndag morgon på grunn av uvêr. Foto: Olav Vee.
STENGT: Tindevegen er stengt måndag morgon på grunn av uvêr. Foto: Olav Vee.

Stengt på Tindevegen

Uvêr i fjellet stengjer vegane.

Årdal: Vekslande vêr dei siste dagane har gjort at nyleg opna Tindevegen og Sognefjellsvegen har vore mykje stengt. 

Etter å ha blitt opna att søndag, er no begge vegane stengte måndag morgon. 

– Me er sjølvsagt klar over inn- og utfartshelga som kjem denne helga med konfirmasjonar. Då skal me gjera det me kan for å tilretteleggja for at det er ope desse dagane, seier Frank Eldegard i Tindevegen.

Det er ikkje visst når vegane kjem til å bli opna att.

Til toppen