Aurland: Gudvangatunnelen i Aurland vart stengt like før klokka 12 torsdag etter meldingar om at det låg gjenstandar i vegbana. Like etter vart óg Flenjatunnelen stengt fordi det hadde danna seg lange køar etter den første stenginga.
Vegtrafikksentralen opplyste til NRK at eit større køyretøy hadde mista treplankar inne i den 11,5 kilometer lange tunnelen. Ein bil køyrte i plankane og punkterte.
– No er entreprenøren nettopp komen til tunnelen og har starta å rydda vegbana. Me forventar å ha ein redningsbil på plass om ti minutt for å få fjerna det havarerte køyretøyet, og at tunnelen vil bli opna ikkje lenge etter det, seier Kjetil Larsen i vegtrafikksentralen til Porten.no klokka 12.26.
Meldinga om at tunnelen var opna kom ein knapp halvtime seinare.