NY AVDELING: Berre seks månader etter at ei avdeling vart stengt i Lærdalsøyri barnehage, ser kommunen behov for å opne ho opp att.
NY AVDELING: Berre seks månader etter at ei avdeling vart stengt i Lærdalsøyri barnehage, ser kommunen behov for å opne ho opp att. (Foto: Jan Christian Jerving)

Stengte avdelinga i august – no har Lærdalsøyri barnehage behov for å opne ho opp att

Men politikarane er ikkje plikta til å opna opp att avdelinga frå nyttår.

Lærdal: Grunna nedgang i barnetalet og for å få budsjettet i balanse, vart den eine avdelinga på Lærdalsøyri barnehage stengt i august i år. 

– Me hadde moglegheit til å gjera det, og det var ikkje grunnlag for å oppretthalde seks avdelingar, seier leiar for kultur og oppvekst Torunn Liltved. 

– Hadde me hatt eit meir romsleg budsjett, kunne me hatt færre barn på kvar avdeling, men det var ikkje mogleg, legg ho til. 

Ikkje rett på plass

No har behovet derimot meldt seg. Frå nyttår har kommunen åtte søknader om barnehageplass, og i tillegg kjem to til i april. Det betyr at det er behov for å opna opp att avdelinga.

Men ingen av desse ti har rett på plass. Det er kome nye reglar som seier noko om når eit barn vert teljande for tre år. Det er ikkje lenger frå nyttår det året dei fyller tre, men frå august. 

– Slik sett kan me halde stengt heile året, men det er her politikken kjem inn i biletet, og det er dette politikarane må bestemma. Dei har jo vore tydelege på at dei ønskjer å leggja til rette for barnefamiliar, og då er eit godt barnehagetilbod viktig, seier Liltved.

Brot på innarbeidd praksis 

Dette blir ei sak når formannskapet i Lærdal møtest torsdag. Det vil kosta nesten 1,3 millionar kroner frå budsjettåret 2018 å opna opp att avdelinga. 

Samtlege ti det er søkt om plass til er under tre år og vil fylla ei avdeling, men dei har altså ikkje rett på plass fordi ingen har søkt ved hovudopptaket

– Men i Lærdal har det vore vanleg praksis å ta inn barn gjennom suppleringsopptak i løpet av året, og avslag til søkjarane vil opplevast som brot med innarbeidd praksis. Det er heller ikkje ledige plassar i Borgund barnehage, dersom me ikkje bemannar opp på same måte som me må gjere i Lærdalsøyri barnehage, forklarar Liltved.

Til toppen