VELKOMMEN: Faruk Yilmaz måtte stenge restauranten i ein månad på grunn av sjukdom i familien, men er no klar for å opne dørene att. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen
VELKOMMEN: Faruk Yilmaz måtte stenge restauranten i ein månad på grunn av sjukdom i familien, men er no klar for å opne dørene att. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Stengte dører på grunn av sjukdom

Faruk Yilmaz er attende i Årdal, og han har fått mange spørsmål om kva som skjedde med Mama Mia ein månad etter han opna dørene.

Årdal: I byrjinga av desember i fjor opna Mama Mia dørene til sitt nye lokale, og utvida med det same menyen til å omfatte meir enn berre kebab og pizza.

Ein månad seinare hang det lapp på døra til restauranten, med melding om at det var stengt på grunn av sjukdom. 

No vil Yilmaz forklare kvifor det brått vart slik. 

Kom brått på

Då det nye året såvidt var starta, fekk Yilmaz beskjed frå familien i Tyrkia at eit nært familiemedlem var blitt alvorleg sjuk. 

Han reiste til heimlandet ganske raskt etter han fekk denne beskjeden, og hadde restauranten open i eit par dagar etterpå. Det synte seg at det ikkje var nok bemanning til å ta vare på restauranten medan Yilmaz var vekke, så beslutninga vart å stenge Mama Mia inntil vidare.

Ny start

Etter ein tung start på året, er han no attende i bygda og opnar restauranten allereie på førstkomande fredag. 

– Eg ynskjer alle saman velkommen, og no skal vi halde ope slik som planlagt, seier Yilmaz.

Til toppen