STERKT: G14-laget som presterte sterkt under Nasjonal eliteturnerin i Trondheim førre veke. Foto: Sogndal Fotball
STERKT: G14-laget som presterte sterkt under Nasjonal eliteturnerin i Trondheim førre veke. Foto: Sogndal Fotball

Sterk prestasjon av Team Sogndal G14

Gode resultat i turnering av 14-årslaget (fødd 2002) der dei fekk matcha seg mot dei aller beste i landet.

Sogndal/Trondheim: – Dette er sjette gongen eitt av laga våre deltek i Nasjonal eliteturnering. Me har ein 2.plass frå 13-årslaget, men dette var kanskje den beste prestasjonen, der me mellom ann slår laget som vinn heile turneringa. I tillegg spelar me god fotball, har ein god keeper og er effektive framfor mål, seier trenar Marius Torstrup Kloster.

Nasjonal eliteturnering er turneringar i regi av Norsk Toppfotball. Desse blir arrangert på ulike aldersnivå for klubbar som har lag i Tippeligaen og OBOS-ligaen.  

– Dette er nytt av året. Tanken er å ha nokre turneringar der ein veit at kvaliteten er god så ein ikkje risikerer å reisa land og strand rundt på turneringar der spelarane ikkje får matcha seg, forklarar Torstrup Kloster.

Svært godt gruppespel

Team Sogndal G14 fekk 5.plass av 12 lag under turneringa i Trondheim føregåande veke. I gruppespelet slo dei både Viking, Aalesund og Stabæk - sistnemnde vann også heile turneringa - medan det vart uavgjort mot Rosenborg og tap for Tromsø.

I mellomspelet blei det tap for Molde og Stabæk, men siger mot Tromsø etter straffekonk.

– Gutane spelar fem svært gode kampar i starten på veka, her presterer me godt mot nokon av dei beste laga i Norge. Noko som gjer at me vinn pulja vår. Dei siste tre kampane klarar me ikkje å prestere på same nivå, men gutane kjempa likevel på med stort pågangsmot og stor entusiasme, seier Torstrup Kloster.

– Vanskeleg å seia kven som blir best til slutt

Laga som er med i desse turneringane kan anten stilla med spelarar frå klubblaget som har Tippelaga- eller OBOS-ligalag, eller dei kan stilla med lag beståande av spelarar frå heile krinsen.

Team Sogndal har med spelarar frå fleire andre klubbar i fylket. Årdølen Sivert Mannsverk, som nyss gjekk over til Sogndal sitt gutelag, var med på turneringa i Trondheim. 

– Erfaringane våre er at fleire får høve til å spela toppfotball med slike turneringar. Det gir god erfaring og blir ei større forankring for A-laget, seier Torstrup Kloster. 

– Så det ser bra ut for Sogndal sitt seniorlag også i tiårsperspektiv?

– Det håpar eg. Dette gir i alle fall ein god referanse på kva som er nivået i den einskilde si aldersgruppe. Dei får ein peikepinn på kvar dei er i i løypa. Nokre trur kanskje at dei er betre enn dei faktisk er, og ser at det finst mange andre gode som trenar godt også. Det skal seiast at me har fleire gode spelarar i 14-årskullet, men det er vanskeleg å seia kven som blir best til slutt - det er mykje som skal skje på vegen. 

Resultata frå turneringa les du på Sogndal fotball sine heimesider.

 

Til toppen