KRITIKK: Regjeringa får kritikk for å gjere for lite for å nå målet om å trappe ned omdisponering av dyrka jord til maks 4.000 mål årleg innan 2020. Foto: Kari Hamre / NPK
KRITIKK: Regjeringa får kritikk for å gjere for lite for å nå målet om å trappe ned omdisponering av dyrka jord til maks 4.000 mål årleg innan 2020. Foto: Kari Hamre / NPK

Sterk usemje om jordvernet

For andre år på rad går nedbygginga av dyrka jord opp. Årsaka er regjeringspolitikken, meiner Bondelaget. Eit stortingsfleirtal meiner regjeringa ikkje tek jordvern på alvor.

  • Endret

Indre Sogn: Samla er omdisponeringa av dyrka jord den største på over fem år, og nedbygginga av dyrka jord går opp for andre år på rad, stikk i strid med målet til Stortinget om å trappe ned nedbygginga, skriv Nationen.

Kritikk

Fleirtalet på Stortinget kritiserer regjeringa for å gjere for lite for å nå målet om å trappe ned omdisponering av dyrka jord til maks 4.000 mål årleg innan 2020.

– Den utviklinga vi ser er det viktig å snu, men eg synest ikkje regjeringa vier dette nok merksemd. Det er ikkje nok engasjement og det verkar som dei ikkje tek jordvernet nok på alvor, seier næringspolitisk talsperson for Venstre Pål Farstad til avisa.

Tal frå SSB viser at det i 2015 blei omdisponert 6.341 mål dyrka jord til andre formål enn jordbruk. Det er 631 mål meir enn i 2014 og 721 mål meir enn i 2013. I tala er ikkje omdisponering til skogplanting med, som i fjor var på 109 mål.

Venstre og KrF gjekk saman med Sp, Ap og SV sist veke og danna fleirtal i næringskomiteen på Stortinget der dei kritiserer regjeringa for ikkje å følgje opp jordvernstrategien.

– Utviklinga er stikk i strid med det vi og eit samrøystes Storting ønskjer seg. Regjeringa har ikkje jobba godt nok. Omdisponeringa skal ned i 4.000 mål i året. Fleirtalet seier regjeringa ikkje gjer ein god nok jobb med jordvernet, seier landbrukspolitisk talsperson for Ap Knut Storberget.

Negative signal

Politikken til regjeringa er årsaka til at meir jord blir bygd ned, hevdar andre nestleiar i Norges Bondelag Brita Skallerud.

– Dette er heilt forferdeleg ille. Eg blir sterkt provosert, over at når vi var i ein god trend, har denne regjeringa tatt grep som gjorde at pilene på omdisponering peikar oppover att. Det viser at politikken ikkje fungerer, seier Skallerud.

Ho meiner regjeringa har sendt ut negative signal til utbyggjarar.

– «Alle» veit at du berre kan sende søknaden til Sanner, så godkjenner han den. Det har skjedd i ein del av dei store sakene, som Ikea i Vestby. Det har stor signaleffekt, det betyr at dei som vil byggje ut ser at dei berre kan køyre på, seier ho.

Frp: – På rett veg

Trass i at nedbygginga av dyrka jord har auka to år på rad, seier statssekretær Terje Halleland (Frp) i Landbruks- og matdepartementet at det går rett veg.

– Eg synest tala viser eit relativt lågt nivå. Det er litt variasjon mellom år, men mykje knyter seg til enkeltprosjekt. Vi jobbar målretta for å følgje opp målet til Stortinget, men ein skal ikkje mange år tilbake før tala var betydeleg høgare. Snittet for perioden 2004 til 2013 var på 7.600 mål. Det viser at totalen er på veg ned, seier han.

Landbrukspolitisk talsperson Ingunn Foss (H) seier derimot det går feil veg.

– Det er ikkje rett retning mot det som er målet, men ein må òg sjå på den andre sida. Nydyrkinga er nær dobbelt så stor som det som er bygd ned, seier ho. (©NPK)

Til toppen